Laget hadde stand under årets Tall Ships Races i Sirevåg 24.juli, og me som var på stand hadde ein strålande dag. Dagen starta med regn og vind, me måtte krype inn i to paviljongar, men det vart ein strålande dag!
I tillegg til sal av lappar, kaffi og saft, hadde me ein "gissekonkurranse" og ein jærsk pirat som viste leik med knapp og tråd.
Me selde lappar til den store gullmedaljen - og dette er me gode på! Lappesal er både gildt, sosialt, men også ei god inntektskjelde for laget.
I albumet finn de stemingsbilete frå dagen, alle tatt av Mia Waldaland.