Fredag 13.11. kl 1300 på biblioteket på Nærbø. Fri adgang. Kaffi. ALLE er hjereleg velkomne
Arrangement i regi av Hå historielag i samarbeid med Hå bibliotek
Dette seier Astrid Topdal om føredraget sitt:
Berre få år etter at Norge var frigjort frå tysk okkupasjon , vart unge menn fra Hå sende til Tyskland som ein del av førstegongstenesta.
Mange var berre 19-21 år gamle. Der møtte dei eit land prega av ruinar, fattigdom og store flyktningstraumar.
I søken etter historia til morfar min, John Sæland som gjorde teneste i Tyskland i 1949, har eg samla historiar om unge menn frå Hå.
Gjennom samtalar med tidsvitne, brev, dokument og fotografi deler eg kvifor dei vart sende til Tyskland etter krigen, kva oppdraget var, og korleis den kalde krigen endra tenesta.
Det blir eit føredrag med humor og alvor- om blant anna reisa, vakthald, øvingar, sakn, kameratskap, garpastrekar ,permisjonar og gleda ved å koma heim.
Astrid Topdal fekk Hå kommunes kulturpris for 2024 bl.a. for arbeidet med dokumentarfilmen "Minner fra melkespannas tid".
