UTSATT:   Mat og matskikkar på Jæren 17.11.2020

UTSATT: Mat og matskikkar på Jæren 17.11.2020

Publisert av Torfinn og Karin Nærland den 06.10.20. Oppdatert 14.09.21.

Julemøtet 17.11.2020 kl. 19 på Jærmuseet, Kviavegen 99, Nærbø

Me lever i ei tid med overflod av mat, og det er lett tilgang på gode og spennande råvarer frå inn- og utland. Men korleis var kosthaldet på Jæren i eldre tid? Kva råvarer hadde folk tilgang til, og kva bestod kvardagsmaten av? Og sidan me går mot julefeiring der me nå blandar ulike tradisjonar, så lurer du kanskje på kva som var høgtidsmat i eldre tider på Jæren? Foredragshaldar Målfrid Snørteland, direktør ved Jærmuseet, vil fortelje oss om dette.

 

Julegrøt, kaffi og småkaker, inngang medlemmer kr. 100, andre kr. 200.

Påmelding innan 09.11 til hahistorielag@gmail.com eller tlf/sms 9962 8327