Hå historielag 40 år

Hå historielag 40 år

Publisert av Liv Hobberstad den 31.05.18. Oppdatert 26.11.18.

Det var ein stolt leiar, Gjertrud Marie Jensen, som kunne ynskja 70 gjester velkomne. Her var dei fleste medlemar, men og mange innbedne. Ekstra gildt var det at Bjørn Agnar Wegge, som var med  å stifta laget,  hadde kome til festen. Han bur nå på austlandet, men i 78 var han kultursekretær i Hå.
Gjertrud Marie presenterte så dei andre i styret, før ho fekk forsamlinga med på å synga gratulasjonssong for
  Liv Hobberstad som hadde hatt bursdag dagen før.

Liv, som skulle vera festleiar, vart sett litt ut av dette, men ho roa seg ned med eit dikt av Torvald Tu.
 Så presenterte ho hovudprogrammet for festen,  som proffessor Inge Særheim skulle ta seg av. Dette skulle vera i auditoriet, og Liv fekk losa gjestene over i dette romet. Vel på plass der, fekk me eit interessant foredrag om Jacob Rasch, oppvaksen på Kvalbein, som over sette deler av bibelen til jærsk i 1698. Særheim er ein god forteljar og i tillegg fekk me orda opp på skjerm, så det var enkelt å få med seg dei ymse gamle tekstane. Det var og interessant og sjå at mange av dei gamle jærske orda til Rasch og vert brukte i dag..

Så var det å flytta seg over til kafeen igjen, for nå var det tid for mat. I staden for bordvers song me «Heim til Jæren» av Svein Inge Aarrestad, der han sjølv sat ved pianoet. Menyen var Biff stroganoff med potetstappe og salat. Det var sjølvbetjening eller buffet, som du vil, så her fekk folk stekka litt til på føtene.

Etter middagen, var det tid for helsingar, og ordførar Jonas Skrettingland var først med ei blomehelsing.  Tarald Oma helsa frå Time historielag, og det var veldig gildt at han ga alle i styret 2017 utgåva av årboka deira.  Gaute Klepp frå Klepp historielag hadde og helsing og gåve til laget. Han representerte og Rogaland, der han er styremedlem. 

Bjørn Olav Wegge  hadde ei interessant helsing der han tok for seg starten på laget for 40 år sidan. Veldig gildt med litt mimring, og ekstra gildt å høyra for dei yngre som ikkje kjente til dette frå før. Ikkje ein fest på Jæren utan kaker og kaffi, og nå var desse klar på disken. Til sist fekk Mari Ask Helland sleppa til med sitt musikalske kåseri, der ho både spela hardingfele, song og steva i tillegg spela ho på eit mini «trekkspel» . Mari har si utdanning innan folkemusikk, og ein dyktig utøvar.

Men alt har ein ende, også  eit 40 års jubileum. Me slutta av med Kveld på Jæren av Tobias Skretting med Svein Inge ved pianoet. Så stod  det berre att for Liv å  takka for ein fin kveld og ynskja alle vel heim.