Frårådar utviding næring mot Grødaland bygdemuseum

Frårådar utviding næring mot Grødaland bygdemuseum

Publisert av Torfinn Nærland den 24.03.21. Oppdatert 04.05.21.

Hå kommune har annonsert varsel om oppstart og høyring av planprogram for Grødaland næringsområde, med frist 07.04.2021 for innspel. Eit av alternativa for utviding av næringsområdet vil kome tettare på Grødaland bygdemuseum.

Den planlagte utvidinga på 50 daa skal nyttast til å utvida eksisterande næringsområde til nytt energi-/biogassanlegg og trasè for fjernvarme mellom Grødaland og Kviamarka næringsområde. Det er tre moglege alternativ for utvidinga, kvar på ca 50 daa. Alternativ 1 går nordover mot Grødalandstunet og vil difor ha størst påverknad på Grødaland bygdemuseum. Hå historielag frårådar å velje dette alternativet.

Les historielaget sitt innspel her.

Hå historielag 2021-03-24 - innspel til områdeplan for Grødaland industriområde plan 1119-202105.pdf