29.09.2021 Årsmøte i Hå historielag

29.09.2021 Årsmøte i Hå historielag

Publisert av Torfinn og Karin Nærland den 02.09.21. Oppdatert 05.10.21.

Velkommen til utsatt årsmøte 2020 i historielaget den 29.09.2021 kl. 19 i Lensmannsløa, Løehagen 10, Varhaug.

I tillegg til årsmøtesaker, vert det foredrag om:

Stad- og gardsnamn i Hå og Jæren, samt namnetradisjonar på Jæren

Lurer du på bakgrunnen eller tydinga for ulike stad- og gardsnamn i Hå og på Jæren? Send inn dine spørsmål til hahistorielag@gmail.com innan 22.09, så vil me fritte ut Inge Særheim om han kan hjelpe oss.
Vidare vil han kome inn på kva tradisjonar me på Jæren har når me skal gje namn til den oppveksande slekta, samanlikna med andre deler av landet. 

Professor Inge Særheim frå Universitetet i Stavanger, vil gjere oss klokare på desse temaene.

Enkel servering, medlemmer gratis, andre kr. 100.