19.03.24 "Di'Høyland på Jæren» – slektshistorie

19.03.24 "Di'Høyland på Jæren» – slektshistorie

Publisert av Torfinn og Karin Nærland den 30.12.23. Oppdatert 15.04.24.
19.03.2024 kl. 19.00, Ogna Scene, Nordsjøvegen 4246, Ogna.
Gjertrud Marie Jensen har skrive ei mikrohistorisk etterkomarforteljing for perioden 1859-2019 om sine forfedre Mathea Olsdotter Hårr og Ommund Olsen Høiland. Boka tek for seg slekta, informasjon frå Jæren og samfunnet dei levde i, og konkret informasjon frå ulike hendingar. I arbeidet med boka måtte ho ta valet mellom oppramsing, presentera eit glansbilde eller harde fakta. Ho vil difor også kome inn på etikk og moral i arbeidet med slektsbok. Sal av boka under arrangementet.
Sal av pizza og drikke av Ogna Scene.
Inngang medlemmer kr. 50, andre kr. 100.
Arr.: Hå historielag og Ogna Scene