17.09.2019 Atombomba og samvitet

17.09.2019 Atombomba og samvitet

Publisert av Torfinn Nærland den 20.07.19. Oppdatert 29.12.19.

Frå Brusand til Los Alamos - ei personleg forteljing av Rolf Erik Solheim om det som skjedde då Eisenhower og Churchill bestemde at den allierte invasjonen ikkje skulle skje på Jæren, men i Normandie.
Velkommen til foredrag på Sirevåg Konferansehotell kl. 19.00 den 17.09.2019

Kaffi og kaker, inngangspengar kr. 100

Eisenhower og Churchill bestemde også at det som skjedde på Rjukan måtte stansast, og Manhattan-prosjektet skulle starta i New Meixico for å koma før Hitler med atombomba. Dette var etter at Gunnar Sønsteby hadde frakta den første literen med tungtvatn på ein termos frå Rjukan over svenskegrensa ved Skillingmark. Anne og Rolf Solheim budde der 50 år seinare og fylgde opp historia.

Termosen blei frakta frå Stockholm til London og analysert, og Operation Freshman starta. Men det eine glideflyet med soldatar frå Firsth British Airborne Division som skulle landa på Hardangarvidda havarerte på Helleland. Soldatane vart skotne og lika gravne ned sør på Brusanden. Rolf sin bestefar var stasjonsmeister på Ogna, og fortalde i 1945 ein britisk offiser frå FBAD om dette. Gravene vart opna og restande gravlagde i Stavanger.

Rolf og Anne drog til Los Alamos og skriv i "På norske vinger" om Nobels fredspris i 1995 til Pugwash-rørsla, og om kos Einstein streva med å forhindra Hiroshima.