13.06.2019 Nedlegging av snublestein på Ogna

Publisert av Torfinn Nærland den 02.05.19.

Ogna skule, kl. 13.00

Ludwig Adolf Melzer budde og arbeida i to periodar på Ogna. Som jøde vart han i 1942 deportert og drepen i konsentrasjonsleir i Auschwitz. Melzer er den siste jøden i Rogaland som får snublestein. Det er Jødisk museum i Oslo som står bak snublesteinane her i landet.

Offisiell nedlegging av snublesteinen vil skje i regi av Jødisk museum og Hå kommune, der Tone Aarrestad som medlem av Hå Historielag har gjort stort sett heile arbeidet med å finne fram informasjonen.

Jøden på Ogna artikkel i Stavanger Aftenblad 1.12.2018.pdf