05.02.24 Dokumentarfilm: Mjølkerutene på Jæren

05.02.24 Dokumentarfilm: Mjølkerutene på Jæren

Publisert av Torfinn og Karin Nærland den 30.12.23. Oppdatert 04.03.24.
05.02.2024 kl. 19.00 Ogna bibliotek, Kyrkjeberget 2, Ogna
Mjølka vart før transport i spann frå mjølkerampa på garden til meieriet av mjølkebilen. Denne bilen kunne òg ha med post og handlevarer på si ferd. No har tankbilar teke over jobben, og mjølkerampene og det sosiale kring dette er historie. Astrid Topdal har saman med mange gode støttespelarar laga dokumentarfilm på om lag ein ein time om mjølkebilen og livet i den tida, som me vil få sjå. 
Kaffi/te og twist
Arr.: Hå folkebibliotek og Hå historielag