30/8-25 Busstur til Jøssingfjord m/ middag
22.06.25 14:22
av Elisabeth Haukeli Skretting
Busstur Jøssingfjord og Sogndalstrand med middag 30.08.2025 frå kl. 9.00 avreise frå Varhaug ungdomsskule Bussturen i år går sørover, det vert besøk og middag på Jøssingfjord vitenmuseum kor natur, menneske og teknologi møtes. Her vil ein få innblikk i Altmark-saka 16. feb. 1940, som sette Jøssingfjord på kartet internasjonalt. Her får ein sjølvsagt også vite meir om geologien i området som består av den sjeldne bergarten anortositt og kor ein finn dei største reservane i verda av ilmenitt utvunne av Titania A/S. Ein finn også informasjon om Rosslandsguden. Det er også rom for ein kort spasertur til den historiske Helleren. Etterpå dreg vi til Sogndalstrand kor ein frå Sokndal Historielag vil guide oss gjennom tettstaden. Vi er tilbake på Varhaug ca. kl. 16.30. Påmelding innan 16/8-25 til Mikal Sikveland på e-post mikal.sikveland2@lyse.net eller mobil: 482 59 185 Pris: kr. 650,- Betaling på Vipps #102224 eller til kontonr. 3335 31 40375 (merk med namn og busstur)