16/10-25 Luftambulansen v/ Svein Arne Hapnes
16/10-25 kl. 19.00, Hå folkebibliotek, Nærbø
Svein Arne Hapnes er pensjonert seksjonsoverlege, anestesiavdelingen, SUS. Han har vore tilknytta luftambulansetenesta sidan oppstarten i juni 1981 og fram til han vart pensjonist,- til saman om lag 37 år. Samstundes arbeidde han også i redningstenesta med Sea King redningshelikopter 1980-2010. Begge desse tenestane vil han gje glimt og minner frå i dette føredraget. Hapnes vart portrettert i Stavanger Aftenblad sin reportasje kalla «Livredderen» i juni 2016 i samband med at han skulle gå av med pensjon.
Servering av kaffi/te og noko attåt.
Inngang kr. 100 for medlemmer, andre kr. 150.