Stasjonsbyane langs Jærbanen - hamskiftet på 1800

Stasjonsbyane langs Jærbanen - hamskiftet på 1800

Publisert av Torfinn Nærland den 15.12.19. Oppdatert 12.03.20.

Tidleg i 1878 åpna Jærbanen for trafikk. Ei ny tid var i emning. Stasjonsbyar tok til å veksa fram, mange i jomfrueleg lynghei og mark. Slik var det òg i Hå.

Samstundes med dette var den gamle byen Stavanger i rivande utvikling. Nye byar og strandstader vaks fram. Landbruk og industri var i framgang.   Dampskipa ga eit nytt trafikkmønster på kysten, i fjordane og over Nordsjøen. Nye muligheter og marknader åpna seg.

1800-talet var tida for det store hamskiftet si tid i Rogaland.

Egil Harald Grude vil med utgangspunkt i stasjonsbyutviklinga i Hå sjå på region og fylke i utvikling og endring. Han har skrive fleire bøker og artiklar. Han jobba tidlegare ved Statsarkivet i Stavanger, ved Stavanger Sjøfartsmuseum, som fylkeskonservator i Rogaland og kultursjef i Rogaland fylkeskommune.