30/8-25 Busstur til Jøssingfjord m/ middag

30/8-25 Busstur til Jøssingfjord m/ middag

Busstur Jøssingfjord og Sogndalstrand med middag 30.08.2025 frå kl. 9.00 avreise frå Varhaug ungdomsskule Bussturen i år går sørover, det vert besøk og middag på Jøssingfjord vitenmuseum kor natur, menneske og teknologi møtes. Her vil ein få innblikk i Altmark-saka 16. feb. 1940, som sette Jøssingfjord på kartet internasjonalt. Her får ein sjølvsagt også vite meir om geologien i området som består av den sjeldne bergarten anortositt og kor ein finn dei største reservane i verda av ilmenitt utvunne av Titania A/S. Ein finn også informasjon om Rosslandsguden. Det er også rom for ein kort spasertur til den historiske Helleren. Etterpå dreg vi til Sogndalstrand kor ein frå Sokndal Historielag vil guide oss gjennom tettstaden. Vi er tilbake på Varhaug ca. kl. 16.30. Påmelding innan 16/8-25 til Mikal Sikveland på e-post mikal.sikveland2@lyse.net eller mobil: 482 59 185 Pris: kr. 650,- Betaling på Vipps #102224 eller til kontonr. 3335 31 40375 (merk med namn og busstur)

Les mer
18/9-25 og 23/10-25 Skanning av foto kl. 18-20

18/9-25 og 23/10-25 Skanning av foto kl. 18-20

Skanning av foto 18/9-25 og 23/10-25 kl. 18.00 – 20.00 på Hå folkebibliotek, Nærbø. Ta med bilete du vil ha skanna og minnepinne for å få dei med deg heim. Om du vil leggje dei inn i fotosamlinga på biblioteket kan du gjere dette heime, informasjon om dette vert gitt ved oppmøte.

Les mer
16/10-25 Luftambulansen v/  Svein Arne Hapnes

16/10-25 Luftambulansen v/ Svein Arne Hapnes

16/10-25 kl. 19.00, Hå folkebibliotek, Nærbø Svein Arne Hapnes er pensjonert seksjonsoverlege, anestesiavdelingen, SUS. Han har vore tilknytta luftambulansetenesta sidan oppstarten i juni 1981 og fram til han vart pensjonist,- til saman om lag 37 år. Samstundes arbeidde han også i redningstenesta med Sea King redningshelikopter 1980-2010. Begge desse tenestane vil han gje glimt og minner frå i dette føredraget. Hapnes vart portrettert i Stavanger Aftenblad sin reportasje kalla «Livredderen» i juni 2016 i samband med at han skulle gå av med pensjon. Servering av kaffi/te og noko attåt. Inngang kr. 100 for medlemmer, andre kr. 150.

Les mer