03.09.2023 Familiedag i Varden Sjøredningsmuseum

03.09.2023 Familiedag i Varden Sjøredningsmuseum

21.08.23 20:44 av Torfinn og Karin Nærland

03.09.2023 kl. 12-15 i Varden Sjøredningsmuseum, Ogna Camping, Nordsjøvegen 4061, Ogna Familiedag i Varden sjøredningsmuseum. Sjøredning langs jærkysten. Redning på den gamle måten, test redningsstolen. Møt Eliasbåten, lag ditt eige tau på reperbanen. Opplev gamle båtmotorar. Sal av lappar, pølser, kaffe og saft. Billettar: Barn gratis / vaksne kr. 40. Jærmuseet sitt årskort kan nyttast denne dagen Arr: Jærmuseet, Jæren kystlag, Hå historielag, Jæren Dykkarklubb, Ogna camping

Les mer
05.02.24 Dokumentarfilm: Mjølkerutene på Jæren

05.02.24 Dokumentarfilm: Mjølkerutene på Jæren

30.12.23 10:58 av Torfinn og Karin Nærland

Mjølka vart før transport i spann frå mjølkerampa på garden til meieriet av mjølkebilen. Denne bilen kunne òg ha med post og handlevarer på si ferd. No har tankbilar teke over jobben, og mjølkerampene og det sosiale kring dette er historie. Astrid Topdal har saman med mange gode støttespelarar laga dokumentarfilm på om lag ein ein time om mjølkebilen og livet i den tida, som me vil få sjå.

Les mer
07.03.24 Ny bok om Hårr - Garden og folket

07.03.24 Ny bok om Hårr - Garden og folket

30.12.23 10:54 av Torfinn og Karin Nærland

Hårr er ein av gardane i Hå med ei lang og svært interessant historie, både som ein av fleire sjøgardar i Hå, og som ein av få med offentlege oppgåver. Boka Hårr Garden og Folket omhandlar ikkje berre historia til alle gardsbruka, og historia om alle som har budd på garden ned gjennom tidene like frå tidleg på 1500-talet. Ho presenterer også fenomen knytta til garden, som historia om den kongelege offisersgarden på 1600-talet, lensmannsgarden 1677-1880, losane og skysskaffarane, om Kielland-tida på Hårr, om «Festung Horr» under andre verdskrigen og om Varhaug Gamleheim, den første kommunale eldreinstitusjonen i tidlegare Varhaug kommune.

Les mer
30.11. Vikingtida si betydning for Noreg som rike

30.11. Vikingtida si betydning for Noreg som rike

10.11.23 19:41 av Torfinn og Karin Nærland

Vikingtida si betydning for etablering av Noreg som rike 30.11.2023 kl. 19.00 Jærgarden Kvalbein, Kvalbein 10, Brusand Professor i historie Torgrim Titlestad har spesialisert seg på vikingtid og Noreg sin tidlege historie. Han har skrive fleire bøker både om vikingane og om motstandskampen under 2. verdskrig. Han vil i føredraget vise korleis vikingtida har bidrege til etableringa av Norge som eit rike. I år vert det middag (oksesteik) og kaffi med sosialt drøs. Bindande påmelding seinast 19.11 på sms/tlf til 9962 8327 eller hahistorielag@gmail.com Inngang kr. 350.

Les mer
30.10.2023: Haugianismen i Rogaland 1820-1850

30.10.2023: Haugianismen i Rogaland 1820-1850

03.10.23 19:33 av Torfinn og Karin Nærland

30.10.2023 ”En bedre Aand blandt Folket” : Haugianismen i Rogaland 1820-1850 Kl. 18.00 Nærbø bibliotek, Dalvegen 21, Nærbø Foredragshaldar Svein Ivar Langhelle har nettopp skrive ny bok om Haugianismen i Rogaland, og vil halde foredrag basert på boka. Langhelle seier det er ein god del stoff om Hå i boka. Langhelle er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Han hadde foredrag om husmennene på Jæren for oss i historielaget i oktober 2020, som sikkert nokon vil hugse. Du kan kjøpe boka av forfattaren under arrangementet. Servering av kaffi og twist. Gratis arrangement. Arrangør: Hå historielag og Hå folkebibliotek

Les mer
17.10.2023 Landbruksreiskap frå 1950-talet

17.10.2023 Landbruksreiskap frå 1950-talet

21.08.23 20:58 av Torfinn og Karin Nærland

Landbruksreiskap frå 1950-talet 17.10.2023 kl. 19.00. Trygve Ødemotland, Torlandsvegen 137, Nærbø Trygve Ødemotland er lidenskapeleg interessert i gamle landbruksreiskap, særleg norske. Han har ei stor samling, med hovudtyngde frå 1950-talet. Og mykje anna landbruksrelatert materiell. Opplev og sjå denne private samlinga. Servering av grillmat og vaflar ved Trygve og familien. Inngang kr. 100 pr. person

Les mer
17.09.2023 Eplekaker og gamle spel - aktivitetsdag

17.09.2023 Eplekaker og gamle spel - aktivitetsdag

21.08.23 20:48 av Torfinn og Karin Nærland

Aktivitetsdag på Grødalandstunet – Eplekaker og gamle spel 17.09.2022 kl. 12-16, Grødaland 64, Nærbø Baking av eplekaker på gamle måten og kinning av smør. Me spelar gamle spel – kom og ver med! Kråka, kogre, putti, daldøs, trådleik, kurong, kinasjakk, domino m.m. Sal av kaffi og lappar Inngangspengar kr. 40 for vaksne, barn og medlemmer i Jærmuseet gratis. Arr: Hå Historielag og Jærmuseet

Les mer
29.04.2023: Busstur vindmøller og Kløgetvedt tunet

29.04.2023: Busstur vindmøller og Kløgetvedt tunet

04.01.23 20:13 av Torfinn og Karin Nærland

Bli med på ein gilde dag! Busstur med guide gjennom Skinnansfjellet/Bjerkreim/Gravdal vindmøllepark, besøk på Kløgetvedt bygdemuseum, middag på Vikeså og kaffi og kake på Søya gardsutsal. Avreise Varhaug ungdomsskule, Opstadvegen 601, Varhaug kl. 10.00, retur omlag kl. 15.30. Eigenandel kr. 300. Påmelding innan 21.04 til hahistorielag@gmail.com eller sms 9962 8327. Vennlegst gje beskjed om eventuelle matallergiar.

Les mer
18.01.2023 Om Ukraina og Russland - Nordsletten

18.01.2023 Om Ukraina og Russland - Nordsletten

04.01.23 19:38 av Torfinn og Karin Nærland

Om Ukraina og Russland – tidlegare ambassadør Øyvind Nordsletten jobba mange år som norsk ambassadør i Russland. Han vil fortelje om Ukraina og Russland, og den pågåande krigen i Ukraina. Han vil også dele inntrykk frå si tid på post for Noreg i Gardarriket, som våre forfedrar kalla Russland. Inngang: medlemmer kr. 50, andre kr. 100 18.01.2023 kl. 19.00 Lensmannsløa, Løehagen 10, Varhaug.

Les mer
30.11.2022 Fabrikken som leikeplass-Njål Underhaug

30.11.2022 Fabrikken som leikeplass-Njål Underhaug

19.09.22 21:07 av Torfinn og Karin Nærland

30.11.2022 kl. 19.00 Lensmannsløa, Løehagen 10, Varhaug Mellom maskinar og sager av mange slag, føter av gutar som leika i lag. Til julemøtet i historielaget vil Njål Underhaug gje glimt frå livet som fabrikk-onge på 1950-60 talet. Han vil fortelje om familieliv og oppvekst på Bryne og Trallefabrikken Trallfa. Han fortel òg litt om besøk hjå besteforeldra på Nærbø og Underhaug fabrikk. Julegrøt, kaffi, småkaker og godt drøs Inngang: medlemmer kr. 100, andre kr. 200

Les mer
01.11.2022 Sørlandske hovudveg – Tore H. Wiik

01.11.2022 Sørlandske hovudveg – Tore H. Wiik

19.09.22 20:53 av Torfinn og Karin Nærland

01.11.2022 kl. 18.00-19.30 på Nærbø bibliotek, Dalvegen 21, Nærbø Velkommen til å høyre forfattar Tore H. Wiik fortelje om si nye bok om Sørlandske hovudveg, ein nostalgisk køyreguide for strekninga Kristiansand til Stavanger. Mange vil nok hugse Riksvei 40 og Riksvei 440 som utfordrande vegstrekning, smal og svingete og mange stader utan fast dekke. Wiik har også gitt ut bok om Sørlandske hovudveg frå Oslo til Kristiansand. Gratis inngang. Arr.: Hå historielag og Hå folkebibliotek

Les mer
21.08.2022 Aktivitetsdag Grødaland - Trivselsbygda

21.08.2022 Aktivitetsdag Grødaland - Trivselsbygda

18.07.22 10:34 av Torfinn og Karin Nærland

21.08.2022 kl. 12-15, Grødaland 64, Nærbø Her vert det trivsel både inn og ute, og du kan bli med på blant anna: møte kalver, kaninar, lam og høner, lage drage og makramé, gå på stylter og spele ringspel i hagen, gå inn i husa og sjå koss folk budde og levde på Jæren i gamle dagar, Sal av lappar, havregraut, saft og kaffi. Inngangspengar: vaksne kr. 40,- / barn og medlemmer i Jærmuseet gratis. Arr: Nærbø Bygdekvinnelag, Hå historielag og Jærmuseet

Les mer
23.08.2022 Fottur til husmannsplassen Myrane

23.08.2022 Fottur til husmannsplassen Myrane

18.07.22 10:31 av Torfinn og Karin Nærland

23.08.2022 kl. 18.00 Ualand, Varhaug Me skal på fottur til den fråflytta husmannsplassen Myrane. Folket her utvandra til Amerika i 1882. Tarald Ueland vert vår lokalkjente turleiar. Turen på ca 2,6 km tur/retur går på traktorveg og siste del i terrenget ut til restane av husmannsplassen. Ta med deg kveldsmat og kaffi i tursekken for ei gilde kveldsstund. Parkering på adressane Holmavatnet 31 og Ueland 100, Varhaug. Køyr gjerne saman, begrensa p-plass.

Les mer
22.09.2022 Historia om Brøyt

22.09.2022 Historia om Brøyt

18.07.22 10:25 av Torfinn og Karin Nærland

22.09.2022 kl. 19.00 på Nærbø bibliotek, Dalvegen 21, Nærbø Nemn ordet brøyt, og folk ser for seg ein gul gravemaskin, som vart produsert gjennom 50 år. Forfattar Kyrre Nese vil ta oss med på ei reise gjennom historia om Brøyt, om brødrene Søyland, fabrikken og alle gravemaskinane. Det handlar om nyskaping, menneskeleg pågangsmot, ei bedrift med eventyrleg vekst, konkurranse og turbulens. Enkel servering, medlemmer kr. 50, ikkje medlemmer kr. 100 Arrangør Hå historielag og Nærbø bibliotek

Les mer
20.10.2022 - Besøk på Haugstad Møbel AS

20.10.2022 - Besøk på Haugstad Møbel AS

18.07.22 10:23 av Torfinn og Karin Nærland

20.10.2022 kl. 19.00, Haugstad Møbel AS, Skulehagen 1, Vigrestad Me skal denne kvelden på besøk til ei nyskapande lokal bedrift med blikket solid retta framover, med røter i jærsk handverk. Bedrifta starta med møbelproduksjon som Haugstad Trevarefabrikk i 1946. Haugstad Møbel har satsa på teknologi, automatisering og bærekraft. Dei produserer i dag eit breidt spekter av møbler, med hovudfokus på møbler til skule- og barnehager, kjøkken, kontor og spesialmøbler/innreiingar.

Les mer
10.05.2022 Alexander Kielland ulukka

10.05.2022 Alexander Kielland ulukka

23.03.22 22:18 av Torfinn og Karin Nærland

Alexander Kielland ulukka - ei personleg oppleving 10.05.2022 kl. 19,Varhaug idrettslag, Opstavegen 583, Varhaug Den 27. mars 1980 kantra bustadplattforma i høg sjø. Av dei 212 personane ombord omkom 123. Oddbjørn Lerbrekk var ein av dei 89 personane som vart redda opp av havet. Han vil fortelje si historie frå ulukka og tida etterpå. Enkel servering, medlemmer kr. 50, andre kr. 100

Les mer
31.03.2022 Iddisar

31.03.2022 Iddisar

29.11.21 22:04 av Torfinn og Karin Nærland

Iddisane – om industrien og kulturen – forfattar og historikar John Gunnar Johnsen I hermetikkbyen Stavanger vaks det fram ein stor grafisk industri knytta til produksjon av etikettar til ulike typar hermetikkboksar. OBS: Dette er same arrangement 17.03.2022 som vart utsatt pga. sjukdom.

Les mer
Frårådar utviding næring mot Grødaland bygdemuseum

Frårådar utviding næring mot Grødaland bygdemuseum

24.03.21 21:28 av Torfinn og Karin Nærland

Hå historielag frårådar å utvide Grødaland næringsområde nordover mot Grødaland bygdemuseum. For eit museumsanlegg som Grødaland bygdemuseum er det særs viktig å ligge i eit jordbrukslandskap, med store buffersoner til anna aktivitet. Det opne jærlandskapet, samspelet med havet rett vest av tunet og fråvèret av andre forstyrrande landskapselement, er særs viktig for opplevinga og framstillinga av Grødaland som museumsanlegg.

Les mer
Utsetting av årsmøte og arrangement

Utsetting av årsmøte og arrangement

07.02.21 19:27 av Torfinn og Karin Nærland

Ut frå koronasituasjonen vert det planlagte årsmøtet 24.02.2021 utsatt til tidlegast i september 2021. Det sitjande styret fortsett difor i sine funksjonar inntil årsmøtet vert halde. Likeså vil me utsette andre planlagte møter for 1. halvår til hausten. Skulle det vise seg at situasjonen betrar seg mykje, og styresmaktene opnar for meir møteverksemd ut på våren, vil me sjølvsagt vurdere å endre på dette.

Les mer

Kategorier