07.03.24 Ny bok om Hårr - Garden og folket

07.03.24 Ny bok om Hårr - Garden og folket

Publisert av Torfinn og Karin Nærland den 30.12.23. Oppdatert 15.04.24.
07.03.2024 kl. 18.00 Nærbø bibliotek, Dalvegen 21, Nærbø
Hårr er ein av gardane i Hå med ei lang og svært interessant historie, både som ein av fleire sjøgardar i Hå, og som ein av få med offentlege oppgåver. Boka Hårr  Garden og Folket omhandlar ikkje berre historia til alle gardsbruka, og historia om alle som har budd på garden ned gjennom tidene like frå tidleg på 1500-talet. Ho presenterer også fenomen knytta til garden, som historia om den kongelege offisersgarden på 1600-talet, lensmannsgarden 1677-1880, losane og skysskaffarane, om Kielland-tida på Hårr, om «Festung Horr» under andre verdskrigen og om Varhaug Gamleheim, den første kommunale eldreinstitusjonen i tidlegare Varhaug kommune. 
Forfattarane er: Lisabet Risa (fagleg redaktør), Geir Palle Haarr, Lars Haarr og Gunnar Siqveland.
Servering av kaffi/te og twist. Gratis arrangement.
Arr: Hå historielag i samarbeide med Hå folkebibliotek