Julemøte 26.11. 26 kl 19 på Nærbø samfunnshus

Publisert av Gunnar Opstad den 31.10.26.

Vi er så heldige å få besøk av Søstrene Grøtteland denne kvelden. Under tittelen «Heim te jul» vil dei ta oss med på ei stemningsfull reise fylt med nære historier, tradisjonar og lun julestemning.

Kari og Synnøve voks opp på fjellgarden Grøtteland i Bjerkreim, og varr 5 søstre som hadde det fritt og godt i fjellheimen med mor, far en dreng, hest, 7 kyr og 35 sauer. Austrumdalsvegen vart alltid fullstendig vinterstengd og ingen snøplog holdt den åpen.
Då barna måtte begynne på skulen, så blei dei med med mor si ut til bygda for å bu i en lærarbolig fra slutten av oktober til april/ mai kvart år.

"Vegen var farlig med is og mange snøras ned fjellsidene, så det var ikkje mange gongene me kunne besøke far då me hadde flytta ut
Far var isolert på Grøtteland, og tok seg av dyra mens resten av hans familie budde nedi bygda.

Foredraget går ut på at me alltid reiste heim til far når det vart jul, og me vil fortelle om 4 ulike måtar å kome oss heim på.
Det var vær og føreforhold som avgjorde kva måte me kom oss heim på, og ulikt frå jul til jul.
Det er desse 4 forskjellige måtene me vil fortelle minner om,
og gleden over å endeleg ha kome: HEIM TE JUL og til far".

Det blir vist ein god del bilete undervegs, og me har med gitarane og syng fleire kjende songar frå den tida – til dømes Vesleblakken, med meir.

Program for kvelden

  • Velkomst og introduksjon ved leiarane i Hå historielag og Jæren kystlag

  • Føredrag og forteljinger ved Søstrene Grøtteland: «Heim te jul»

  • Servering av tradisjonell julemat, kaffi og kaker

  • Oppdatering om aktivitetane i laga og året som har gått

  • Det tradisjonelle julelotteriet med ein flott gevinst frå Jæren kystlag

Tid og stad

Dato: Torsdag 26. november 2026
Tid: Kl. 19.00
Stad: Nærbø samfunnshus

Påmelding og pris

Pris per person: kr 600,–
Prisen inkluderer mat og kaffi.

Påmeldingsfrist: 12. november 2026

Påmelding til:
Vegard Kvalbein
E-post: kvalbein@mail.com
Telefon: 913 86 611

Betaling: Gjerne via Vipps til #102224.
Merk betalinga med namn og «julemøte».

Ta gjerne med deg ein ven eller partnar til ein triveleg kveld i godt selskap.

Hjarteleg velkomen til ei koseleg juleavslutning!

Med helsing
Hå historielag og Jæren kystlag