27/1-26 "Då tuberkulosen herja"
Tysdag 27/1-26 kl. 19.00 på Hå bibliotek, Dalvegen 21, Nærbø tek Lars Haarr, pensjonert lege og professor i ved UIB, som nå bur på Vigrestad, oss med på ei reise i tida då tuberkulosen herja. Tuberkulose er den infeksjonssjukdomen som i dag tek flest liv rundt i verda. I Noreg nådde sjukdomen toppen kring år 1900 med 6000-7000 dødsfall årleg. Det var om lag 20 % av alle dødsfall. Sjølv om årsaka, tuberkelbasillen, vart oppdaga i 1882, fekk ein ikkje effektiv medikamentell behandling før etter andre verdskrigen. Då kom også BCG-vaksinen i bruk hjå oss. Før dette hadde pasientane på sanatorieopphald rundt i landet. Denne folkesjukdomen var så viktig og alvorleg at Noreg fekk ei tuberkuloselov i 1900.