26.11.2020 Husmennene på Jæren

26.11.2020 Husmennene på Jæren

Publisert av Torfinn og Karin Nærland den 06.10.20. Oppdatert 03.11.20.

26.11.2020 kl. 19 i Lensmannsløa, Løehagen 10, Varhaug

Foredraget vil ta føre seg husmennene sin plass i samfunnet og ulike husmannsroller som me kan finna på Jæren. Det var ikkje berre ein slags husmenn, men mange ulike slag etter kva dei livnærte seg av: jordbruksarbeid eller jorddyrking for bøndene, fiske eller handverk som smed, skomakar eller bygningsarbeidar. Husmennene var ei gruppe som fylte ulike behov i samfunnet. Nokre hadde så store bruk at dei var mest som bønder, medan andre hadde vanskar med å skaffa seg nok levebrød. Nokre var etter måten frie, medan andre hadde påbod og forbod som me i dag ville finna ganske hårreisande. 

 

Foredragshaldar Svein Ivar Langhelle er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger.

 

Enkel servering, inngang medlemmer kr. 50, andre kr. 100.

Påmelding hahistorielag@gmail.com eller tlf/sms 9962 8327